Helten min i avisa Grannar


Ein italienar danka ut alle lokale sjauarar på kystkulturdagane i Sandeid som fekk sol nesten heile vegen.

Dysten om kystens raskaste sjauar er eit populært innslag på kystkulturdagane i Sandeid. Italienaren Ettore Minari slo ut all motstand. Foto: Jon Edvardsen

Danka ut lokale heltar

Ein italienar danka ut alle lokale sjauarar på kystkulturdagane i Sandeid som fekk sol nesten heile vegen.

27. mai 2013 kl. 07:00 av Jon Edvardsen

Krefter og kondisjon må til for å hevde seg som sjauar av sekkar med ved og ein tung kubbe til slutt. Det er blant dei mest populære innslaga på kystkulturdagane i Sandeid.

Flest staute karar frå Sandeid deltok i konkurransen om å bli kystens raskaste sjauar, eit vanleg arbeid på kaien i gode, gamle dagar.

Tidlegare meister på kystkulturen, Terje Hjelmtveit, såg sterk ut i dei innleiande rundane.

Men også italienaren Ettore Minari frå traktene ved Roma overbeviste med å vise motstandarane ryggen, og han tok siste stikk også mot Hjelmtveit i semifinalen. I finalen slo Minari ut Tor Dagfinn Helgevold.

I barnehage

Til dagleg arbeider italienaren i ein barnehage i Skåredalen i Haugesund, men han fortel at han tidlegare har jobba på lager.

— Nei, dette har eg ikkje prøvt før. Det krev mykje energi når det er så tungt. Det har vore ein god dag i Sandeid, seier Minari som vart to tusen kroner rikare som vinnar av konkurransen.

Han var invitert til Sandeid saman med sambuaren som har ein kollega frå bygda, og den heller tjukkledde sjauaren samanlikna med konkurrentane, slengte seg på og danka like godt ut alle. Utan å løyse sveitten, såg det ut til.

Kystens beste støvelkastar vart Morten Kaldheim, og med den heller spesielle kastemetoden mellom beina og over ryggen, er det blitt ein smal konkurranse for spesialistar. Førstepremien var eit gåvekort på 750 kroner.

Skrumpa litt

— Det kjekkaste i dag er det fine vêret vi har fått, seier Inga Øverland Apeland som serverte grilla mat.

Ho hadde med seg Kjell-Ove Rørheim som er ein spesialist å rekne med kol og kjøt, og har grilla i fleire samanhengar.

Kystkulturdagane har skrumpa litt inn i det siste, men mange såg ut til å kose seg i finvêret. Bas for det heile, Kjell Ove Leite, lova å kome litt sterkare igjen neste år, kanskje få tilbake frukosten med ein tidlegare start på dagen.

Kystkulturdagane gjorde poeng av at det er stortingsval til hausten, og dei politiske partia deltok med stand, pluss at dei fekk tildelt taletid bak mikrofonen.

Først ute var Per Fatland frå Høgre som meiner det er på tide med eit politisk skifte, og han såg ikkje store lyspunktet verken i landet eller i Vindafjord med dei raudgrøne bak roret.

Det var sjølvsagt verken Arne Bergsvåg (Sp) eller Reidar Håvås (Ap) særleg imponerte over. SV stilte med andrekandidat på stortingslista, Heidi Bjerga frå Sandnes, og KrF med Geir S. Toskedal frå Karmøy som er nummer to på stortingslista til partiet.

Konferansier Kjell Ove Leite hadde eit lite spark til lokalpolitikarane ved å vise til det amputerte kaiområdet som delvis er avsperra på grunn av den dårlege tilstanden, og som har gjort det trongare for arrangementet.

Frå det salte

Med laks i røykeriet til Jan Vestbø og Johannes Hustvedt, bacalao og fiskesuppe i teltet, og veteranbåten «Sandnes» ved kaien, var det enno innslag frå den salte fjorden.

Laksen var som smør på tunga, og dei lokale fiskerøykarane fekk god omsetning på laksesidene.

— Det er mange som har smakt, og dei skryt og let vel over fisken, fortel Jan Vestbø.

Om kvelden var det arrangement for dei litt vaksne om bord på «Sandnes», og for dei litt yngre i teltet på kaien.

— Vi er godt nøgde med arrangementet, og det var rundt 500 på dansen om kvelden. Både inntekter og utgifter er som budsjettert og det blir litt pengar til overs til lag og organisasjonar. Salet var også bra, seier Kjell Ove Leite, leiar for kystkulturdagane.

Han fortel at dei skal evaluere med tanke på neste år, og det er ikkje sikkert vi tar tilbake fredagen sidan det fungerte godt med båten og teltet til ulike aldersgrupper.

— Det er stor forskjell på om vi må ha 80 eller 180 vakter for å få det til å gå rundt, seier han.

At vi var heldige med vêret, var ein ekstra pluss, avsluttar han.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s